søndag 16. juni 2013

50 + 50 år!

Det går mot slutten på ei flott helg. Me har vore jubilantar her i huset, og feira at me har blitt 50! Gubben har rektig nok ei heil veke igjen i 40 åra, men nå var tida inne for litt feiring! Eit nydeleg friluftshus vart innleigd for den store dagen,  mat frå Pastabakeriet bestilt, bordpynt og blomster vart planlagt, og plutselig var dagen her. Ein fantastisk kveld, med ungane våre, søsken og svigersøsken, mor, og masse venner. Nydeleg mat, talar fulle av godord, bilder og underhaldning , musikkinnslag og eit bugnandes kakebord. Ein utruleg kjekk kveld. Men dagane i forkant har vore litt hektiske, så alt for mykje strikking har det ikkje blitt. Det vil seie, eg har strikka, og nærmar meg slutten på "Røkejakken" min. Bare litt på halsen igjen og knappar. Og jammen fekk eg strikketøy til bursdagen og! Eit ferdig strikka stykke som skal rekkas opp mens ein strikkar eit sjal! Artig! Og eit gavekort på garnbutikken her på Klepp! Utruleg kjekt å få!



50 år x 2!

Gubben er ferdig med båten!
Den fekk vere med å pryde festen!
Og vere bord for velkomstdrinken.
Då måtte jo eg ha med sykkelen!
 

Me hadde dekka fine bord
- der dukar og serviettar og lys gjekk i blått.

Eg lagte blomsteroppsats i dei gamle koppane.
Inspirert frå bryllupet til eldstejenta.
Dei tre jentene våre hadde ein koseleg tale for oss,
og hadde funne fine barndomsbilder!
Mykje artig!

Litt igjen - snart ferdig.
Eg gler meg.

Spennandes strikkeprosjekt,

Fine fargar!
 Takk for ei flott helg! Mange gode minner!

2 kommentarer:

  1. Det ser ut til å ha vore ein vellykka fest. Så fint det var ordna til då! Og eit stykke som skal rekkast opp medan ein strikkar, har eg aldri sett før! Så artig då:)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med vel overstått! Koselig å feire!
    Jakken din blir kjempefin, og dette nye strikkeprosjektet skal det bli artig å følge med på.

    Ha en strålende mandag!

    Klem

    SvarSlett