mandag 9. juli 2012

Meir strikk!

Eg har fått gode forslag om fleire sprøe prosjekter! Kjekt når nokon tenker på meg når dei ser noko løye! Så nå gjelder det å holde strikkepinnane varme og restegarnet klart, for her kan det snart bli brukt for dei igjen. Det neste prosjektet kan bli enten ein bil, eller ein buss eller nokre av hagetrea - eller lyktestolpen nermed veien. Trur kanskje lyktestolpen og ei bjørk i hagen vert det mest realistiske.... Me får sjå - kanskje eg må strikke ferdig diverse fornuftige prosjekter først. Dei ligg visst i kø og har stansa litt opp.

Flott bil - kanskje "lille Blå" blir slik ein dag?

Ein slik kunne me hatt som campingbil - eg og gubben!

Dette er gjennomførbart!

2 kommentarer:

  1. Hei! Veit du, -no har eg bladd meg gjennom heile bloggen din og lagt meg til som følgjer, for her var det så kjekt å vere;) Føler eg har blitt "kjent med" ei dame som er blid, aktiv, glad i naturen, likar å lage ulike ting, er flink å strikke, og likar å ha det koseleg rundt seg saman med ein flott familie;)
    Det har blitt lite strikking med meg dei siste åra, men no har du frista meg med dominostrikking;) Kjempefin forklaring du hadde! Og så var det så kjekt å sjå barnestrikk og koselege lappar. Barn er herlege;) Eg er lærar sjølv;)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koselig kommentar, Edny! Alltid kjekt når ein blir "oppdaga" av nokre nye! Og domminostrikk må du prøve. Det er utruleg fasinerandes! Eit titt innom din blogg viste at du er ei kreativ dame du og, særleg med symaskinen. Eg er imponert!
    Helsing Tone

    SvarSlett