torsdag 5. juli 2012

Gjenbruk og blomstrane sykkel.

Sykkelen blomstrar! Det har vore så mykje regn i det siste at det frista ikkje å sitte ute og sy på sykkelen. Men i dag var her nydeleg! Då var det ein fryd å få blomsternettet fast til bakhjulet. Fargerikt og flott. Eg manglar nokre remser ennå, så her gjeld det å sette opp tempoet. Og slike ting som sete, håndtak, trøer, baklykt... dei manglar visst også. Godt eg har ferie! Innimellom er ein tur til Gjenbruken ikkje å forakte. Denne gong fann eg jammen ein stabel med flotte Eigersund Fayanse tallerkenar. Dei måtte få bli med heim! Nydelege kvite og blå. Men eg trur dei skal få bu på hytta, slik at dei ikkje blir så fort utslitne. 

Fargerike blomster.
Det var faktisk ein del arbeid
å hekle dette nettet, og eg har hekla eit til baksida og.
Mykje me kan  gjere for løye!
Framskjermen er delvis ferdig.

Gjenbruk er bra! Dette var eit kupp, syns eg!

Morgontur på stranda i dag.
Tilbaketuren tok litt lenger tid -
eg fann så mange fine blomster!

Kreta - og sommarstrikketøy
Ein topp med korte armar.
Eg måtte rekkje det opp igjen,
det blei så stort. Håpar det passar nå.

1 kommentar:

  1. Sykkelen din blir kjempefin. Eit nydeleg nett du har hekla til hjulet. Det var så fargerikt og fullt av detaljar. Gler meg til å sjå resten. Spanande å gjera kupp på Gjenbruken, og så er det jo greitt med det, at skulle du bli lei nokre av "skattane" ein dag, kan du levera inn igjen, så kan andre gjera kuppet på nytt:) Liv Oddny

    SvarSlett