onsdag 7. desember 2011

7.desember - og luke nr. 7

Pakkar i posten.
I går kom der to bokpakkar i posten - og begge var adressert til meg! For ein luksus. Eg er veldig glad i bøker. Eg er kanskje litt arveleg belasta - barndomsheimen min bugner av ulike eksemplarar. I den eine pakken var der to strikkebøker av Annette Danielsen. Ein flott dansk designer. Eg kjøpte ei bok av henne i Danmark i sommar, og likte den veldig godt.  Eg kjente det  begynte å krible i strikkefingrane.  Den andre var faktisk blogge-boka mi! Sendt over havet heilt frå Amerika! Kult. Så nå er eg forfattar. Av mi eiga bok. Dette tipset fann eg på bloggen til Monstermønster . Og resultatet vart flott. Einaste var at kommentara under bildene kom litt i hytt og ver. Men, men. Me får leggje godviljen til. Så nå kan  dei eventuelle barnebarna mine - eller oldebarna mine lese om gamlemors skriblerier frå gamle dagar!
Ein god dag!

Mykje rart i denne boka, visst!


Flott kvalitet! Fine klare bilder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar