søndag 20. november 2011

Tjuvstarting

Eg har tjuvstarta på jula! Opna den første julegåva - eg fekk lov av gjevaren. Og inni var det akkurat det eg ønskte meg aller mest: GARN:-) Mi gode venninne og kollega har nemleg eit nydeleg sjal i utruleg flotte blå-turkis-grønne fargar. Eg har egentlig vore litt misunneleg på det sjalet. Men problemet var at fargen ikkje vert produsert meir. Garnet finns i andre fargar - men den finaste har dei kutta ut. Forstå det den som kan. Men Siri - ho hadde to nøster på lur, og dei har eg fått! Gjett om eg vart glad! Då måtte eg bare sette i gang med det same, sjølv om andre strikketøy ligg og ropar på meg. Så snart kan eg og gå rundt med eit fantastisk sjal i dominostrikk rundt halsen - og ikkje vere misunneleg meir! Tusen takk, Siri:-)
Sjå kor nydelig!




Fantastisk garn!

Mi gode venninne og kollega. Ungane på skulen trur me er tvillingar, eller systre. Me likar iallefall dei same fargane!

1 kommentar:

  1. Koseleg at du vart så glad for garnet. Du er rask med stikkepinnane og ein inspirator for meg! Eg er heldig som har ein så god, flott og dyktig kolega som deg!
    Pst! Har eit juleønske eg og:-) Det byrjer å verta kaldt på hendene mine og det trekker ekstra mykje i dei gamle vottane mine laga av fint islandsull :-) Tek du an? Siriklem

    SvarSlett