søndag 27. mars 2011

Sundag kveld

Eit lite innlegg ein sundags kveld. Nå har me nettopp feira dei  to jentene våre som har bursdag i mars. Kjekt å ha ein samling med familien av og til. Ellers har helga vore fin - med nydeleg ver på lørdagen, flott familiegudstenete i kjerka og avslappandes strikkekveldar. Gubben var på vedahogst på Kvinlog, så jentene i huset regjerte grunnen aleine.


Kom ellers over eit litt artig innlegg om strikking i eit vekeblad. Eg likte godt det eg leste der. "Er du glad i å strikke? Likar du å sy og hekle? I så fall gjer du noko for di eigen mentale helse. Det å produsera noko med hendene er med på å forebyggje depresjon. Det å planlegge noko , og så  gjennomføre det, gjer oss ein følelse av belønning. Dette stimulerer den delen av hjernen som regulerer humør og velvære." Dette hadde ein hjerneforskar og psykolog funne ut, så då er det nok sant! Så det er best me fortsette med handarbeid! Det er kanskje viktigare enn me komme på! 
Ha ei fin veke! 
Ta deg tid til litt pausar med 
noko kjekt innimellom øktene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar