søndag 20. mars 2011

Strikk i mars!

Strikking i mars er fint! Målet for dette året er jo å minka garn-lageret i huset. Og eg har begynt! Eg har rydda og sortert i gamle nøster, eg har starta nokre nye prosjekter, eg har lest ein del strikkeblogar på nettet - og blitt inspirert! Siste prosjekt er å strikke tepper til Nepal. Eg kom over ein blogg som norke flotte damer står bak, dei tar imot tepper frå heile landet som folk strikkar - og sender dei til eit sjukehus i Nepal. Her blir dei delte ut til nyfødte babyar. Eit flott prosjekt! Dette vart eg fasinert av! Så herved går oppfordringen vidare til dokke andre og. Eg har funne fram restegarnet mitt. Håpar det blir gode varme tepper av det. Les meir om det her . Eller er det kjekt med ulike strikketøy: eit passar til bilkjøring, eit til bussturar, eit framfor tvèn og eit saman med gode venner.
Bergensturen med "Lille Blå" resulterte i besøk
på alle garnbutikkane me kom over.
Nokre nøster fekk vere med heim.
Dette blir ein løpar til salongbordet -
i dominostrikk. Komt på det sjølv!
Skottlandsgarn: Eit smalt sjal
 Dette skal sendast til Nepal.
12 X 12 ruter blir akkurat passe stort.
Passte fint  som strikketøy på kystbussen heim frå Bergen.
Nepalteppe nr. 2
Litt større ruter og litt tjukkare garn.
Varmar nok godt. Domino er kjekt!
Dei røde rutene skal gjere teppet litt fargerikt.
Påskeegg - inspirert av julekulene som var så populære.
Eg bare auka litt her, og fellte litt der,
så blei dei sånn!

Eit ferdig sjal!
Godt og varmt!

1 kommentar:

  1. Ska sei:) Eg er kjempe imponert over alt det fine du produserer. Trur eg må læra meg dominostrikk.... Godt å treffa deg ute ved stranda i går, så eg fekk sjå sjølv at du har friminutt innimellom frå strikketyet:)

    SvarSlett