søndag 23. januar 2011

Veke 3

Veke 3 er allerede over- nr.4 er snart klar. Dei fer fort, desse vekene, sjølv om det er mørketid og surt vinterver. Men likevel er dei fleste dagane gode, med jobb (til tider litt travel), klesvask, middagar, sosiale settingar, og ikkje minst- ei fristund med strikketøyet.  Litt vanskelig å få tatt eit bilde kvar dag, ser eg. Så denne veka må eg ty til minnene frå i fjor. Då hadde me ein verkeleg flott snøvinter!

Måndag 17.januar
 Strikkekveld i lag med kreative damer!
Mitt hemmelege prosjekt.
Du får nok sjå det ein dag!

Tysdag 18.januar
 Slik hadde me det i fjor,
omtrent på denne tida!
I år er det "vanleg" rogalands-vinter:
regn - snø - regn - slaps - is - regn .......

Onsdag 19.januar
 Då eg gjekk heim frå skulen, gjekk akkurat sola ner!
Eg nådde såvidt dagslyset!

Torsdag 20.januar
 Frost igjen - kulegrana vår.
Spennandes mønster.

Fredag 21.januar
 Litt blå himmel:-)

Lørdag 22.januar
Vår kjære svigerson blei 23 år!
Gratulera så mykje med dagen!
 Me gjekk skoddetur på stranda!

Sundag 23.januar
Tunikaen tar form!
Gler meg alltid til eit prosjekt er ferdig.

Ny veke - nye muligheter!
Ta ein titt då og!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar