søndag 2. januar 2011

Romjula - veke 52.

Fotoprosjektet fortsetter inn i det nye året. Til nå har eg holdt ut i 21 veker. Det er ikkje like enkelt å finna motiv kvar dag, ein skal jo helst ikkje ha like bilder fleire dagar etter kvarandre. Men det gjeld å bruke augene, sjå småting i kvardagen. Heldigvis har eg telefon med kamera, det gjer at eg til einkvar tid har noko å fotografera med. Eg som sa eg ikkje hadde brukt for slik ein telefon. Men det går jo heldigvis an å forandre meining! Men nå nærmar det seg slutten av juleferien, dessverre, tida er inne for å legge ut romjulas bilder. Så får prosjektet følge med på lasset inn i det nye året.

Måndag 27.desember
 På skitur på Bore-stranda!
Aldri har vel stranda ligna meir på høgfjellet.
Eldstejenta var med.
Kjekt å ha ein turkammerat!

Tysdag 28.desember
 Skitur denne dagen og.
I dag gjekk med nordover -
over hengebrua på Sele.

Onsdag 29.desember

Guro på reisefot.
Ho og Sebastian ville feire nyttår i Praha.

Torsdag 30.desember 
 Badet er ferdig.
Terje fekk lov til å ta den første dusjen.

Fredag 31.desember
 Mildver og regn

1.januar 2011
 På tur i nærområdet.
Me fekk med oss litt av sollyset.

Sundag 2.januar
 Ansvar for kyrkjekaffi.
Ei av oppgåvene mine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar