tirsdag 19. juni 2012

Fleire sprøe prosjekter!

Å sende gubben ut på tur ein kveldsstund aleine, kan vere risikabelt. Ikkje lett å vite kva han kjem heim med då. Denne gong var det ein gammal tre-seilbåt i heller dårleg forfatning. Men for ein som liker godt gammalt treverk, båtnagler, sjøliv og utfordringar - kan dette vere eit spennandes prosjekt. Mange arbeidstimar og mykje ny lærdom ligg framforbi, eller kanskje vert det eit bidrag til St.Hans-bålet neste år. Men kanskje kan ein gammal draum om ein stille tur på sjøen i solnedgangen bli realisert. Tida vil vise! I mellomtida er det bare å gå igang med sandpapiret og lakk-kosten;-)

Flott gammalt seil!

Skips-eigaren!

Dette ser litt "geipe" ut:

4 årer - her må det muskelkraft
til om ikkje seilet skal brukast!
Kanskje det vert bodybuilding i samme rennet?

søndag 17. juni 2012

Glimt frå Randøy.

Gubben og eg er på hyttetur. Ei finfin helg, sjølv om regnet har ausa ner. Gode prosjekter, avislesing, ei stor skål nye Fisterjordbær, tur i skogen, ei hånd full av markjordbær og hekleri og strikkeri. Synd me må heim igjen idag...... Her finn me verkeleg freden og roen! Men om nokre veker er me her igjen - klare for sommarferie!


Bakskjerm-nett til strikka-sykkelen!

Flotte fargar!

Eg heklar til krampa tar meg.
Heklemusklane er ikkje like velutvikla som strikkemusklane.

Ein fargeklatt i hyttehagen!

søndag 10. juni 2012

Sykkelen - del 3

Sykkelen er begynt å bli ullen! Baggasjebrettet og gaffelen er ferdig , så nå har eg ikkje så mykje igjen. Eg har begynt på skjermane, og funne eit fint mønster frå Nederland på hekla nett til bakskjermen. I dag har eg sete ute i sola og sydd på remsene. Nokre har spurt kva som skjer om sykkelen blir våt. Ikkje så mykje, den ser bare litt forkommen ut. Og så tørkar den i sola!  Kva ellers har eg på pinnane? Ein blå jumper med hus og mønster på, ein  blågrå flette-jakke med glitter alà eldstejenta  - og det gule glad-teppet.

Ein fargeklatt i hagen!


Gaffelen er klar!

Ikkje mykje metall igjen nå!

onsdag 6. juni 2012

Kammerset!

Kammerset er ferdig! Og namnet er klart: Frå nå av heiter rommet mitt KAMMERSET! Den siste veka har eg kost meg der inne, med klargjering, rydding, hiving, stryking av fine stoff, sortering av garn, strikkepinnar, trådsneller, knappar, mønster og hobbybøker. Jammen klarte eg å fylle opp mange av dei ledige hyllene, og jammen hadde eg mykje meir garn enn eg trudde. Men utruleg kjekt å få samla alt og lage eit fint og koseleg rom. Eg kan lett trivast her. Og det beste av alt - nå treng eg ikkje å rydde opp og pakke vekk eit prosjekt som er i gang. Nå kan eg bare lukke døra, så er det ingen som ser det! Og har du lyst på ein titt - kom på besøk!

Heldigvis bur eg ilag med ein snill handy-mann!

Eg fant mykje rart på min vandring gjennom huset etter poser og korger med garn.

Alt fekk plass i hylla!

Dei gamle glansbildene mine har komt til heder og verdighet.
Eg har spart på dei i årevis, nå kjøpte eg ei stor ramme og putta nokre inn i.
Ganske flott - og med mange gode minner.

Nokre av dei var ganske slitte etter at små
barnehender har studert dei utallige gonger.

Detalj frå hylla.

Eit gammalt prosjekt dukka opp: eit strikka sengeteppe i tynn, tynn tråd og pinne nr.2
Ska tru om dette vert ferdig ein gong?

Klart til eit nytt domino-teppe.

Norges-glass er fine til oppbevaring.
Eg manglar ei hylle dei kan stå på.


Fine fargar.
Boksane er ikkje så veldig store,
men eg fann mange fine småstoff i "roteboksen" min.

Nydelige fargar

Noko fint til jul?

Nok eit gammat prosjekt dukka opp:
resultatet frå eit kurs i brodering med maskin.
Dette bør bli ferdig om ikkje så lenge!

onsdag 30. mai 2012

Sykling i pinsen!

Nå er me heime igjen - etter ein fantastisk sykkeltur i Danmark. Turleiar Tormod hadde jammen lagt inn ein flott bestilling, til og med veret var av aller beste sort - det var nesten for varmt. Det var deilig å komma seg på sykkelen igjen etter pausane, for å få litt vind på oss. Tilsaman sykla me 17,5 mil, litt lenger enn det me trudde på forhånd. Så dagsetappane vart på  6 -7 mil. Eg er ganske stolt over at eg greidde det fint. Eg har jo ein rygg som innimellom trøbblar litt!  Siste dagen hadde me ganske mykje motvind, men me kom oss tilbake til Hirtshals og ferja heim igjen likevel. Litt vondt bak og i knærne, men sånn går fort over. Skagen var fantastisk, og turen utover Grenen var ein opplevelse. Å vassa i vannkanten - og å stå med ein fot uti kvart hav der bølgjene braut frå kvar si side, var flott. Sidan det var pinse, var det mykje stengte butikkar. Det vart dermed  lite handling av garn. Eg som hadde passa på å ha plass i sykkelveska. Men gode måltid, minigolf, mini-badeland med rutsjebane, morgonstrikk i solveggen, alle typar sykkelvegar, masse strandnellikkar, friluftsgudsteneste med kjerkekaffi og salg av kjerke-øl og kjekt lag med sykkelvennene frå Ålgård. Nå gler me oss bare til neste tur. Lurer på kor det blir henn?

Klare for tur - tidlig ein lørdags-morgon!

Strikketøyet er alltid med - denne gong var det oppvaskfiller på begge to.

Me står klar - mellom trailarane på ferja.

Fine sykkelvegar - og med reklame-kler.

Flott gjeng!

Desse fant me mange av.

Morgon-strikke-og sole-stund

I Gamle Skagen


Toppen av Danmark

Den nersannede kirke. Bare tårnet stod igjen!

Sykkeldamer på shoping.

På gudsteneste. Ein flott opplevelse!

Mange kjekke plassar i Danmark.
Best å halde over dei bokstavane som er for mykje!

Me kom over nokre skogholt med liljekonvallar,
Dei fekk bli med vidare!

I ferjekø!
Me nærmar oss slutten av turen!

Takk for denne gong -
me gler oss allerede til neste tur!

Ein fin dag!

Kvart år kjem me til ein fin dag i slutten av mai. Då eg var liten syns eg det var stas å feire bursdagen min. Nå når eg er eldre, har eg ikkje vore så glad i å feire meg sjølv. Eg likar veldig godt å stelle i stand selskap for dei andre i familien. Eg er glad i å innvitere til fest - for andre! Men til meg sjølv? Ikkje like enkelt!  Kanskje det er janteloven som ligg og lurer.... Men allikevel er det utruleg kjekt å få besøk på min dag, få mange flotte meldingar på mobilen, pakke i posten, og nydelege blomster og presangar! Eg er heldig som har ein flott familie og mange gode venner å feire i lag med!
Så frå nå av:
Eg skal nyte og feire kvar bursdag,
ikkje bare min eigen, men den og!
Frå ein fin og gul sykkeltur-dag!
Pakke i posten frå den nybakte geografen -
med kart som innpakningspapir!

Dette var innholdet
- eit  kreativt strikkebilde til "strikke-bula" mi!

Nydelege sommarkoppar frå minstejenta -
+ frysaren full av pizzabollar til selskapsmat!
Tusen takk!

Kjempeflotte glass og spennandes bok - frå Guro!
Gler meg til lesing på stranda!

Nydelege roser frå gubben
+ pengar til ei stor hylle til  "Rommet"

I år fant eg mange liljekonvallar i hagen!
Kjekt å pynte bordet med.
Fantastisk!

torsdag 24. mai 2012

Sykkeltur!


Me er snart klare for tur. Tormod Reiseleiar og Siri Syklist og me to eldste her i huset skal ut i den "store" verden! Kjekt å ha gode turvenner. Turen startar herifrå - midt på natta - og endar opp her - midt på natta. Ska tru om me klarer slik rangling - og så å gå på jobb bare nokre timar etter heimkomst. Satsar på fredelege skuleungar den dagen. Vervarslingane er av aller beste sort - slik som me ha hatt det i ei veke nå, kanskje litt kaldare, men knall sol. Me gler oss.Og me har nye sykkelvesker, med god plass til å kjøpe med oss noko heim (garn feks). Utfyllandes dokumentasjon kjem etterkvart! Etter at me har sykla dei 12,5 mila!  Imens eit lånebilde frå "gugel" - frå der hava møtest!



Ønsker alle ein god pinse!
Nyt sommardagane!