mandag 4. april 2016

Mars-strikking.

Det er visst lenge mellom kvart blogginnlegg for tida. Dagane går, med mykje bra innhald, og med gode strikkepausar innimellom. Det skjer stadig noko i strikkekorga. Men eg har ikkje vore like pålogga her på bloggen for å vise det fram.

 Flettegenseren er ferdig og tatt i bruk! Og eg er godt fornøyd med resultatet. Den vart kanskje litt tjukkare enn eg tenkte meg, men eg trur den blir kjekk til å ha som utegenser utan jakke på. Kjekt nå om våren.

Marius-puta er ferdig strikka, men ikkje montert. Plutselig ein dag sitt eg nok med symaskinen for å sy dei nødvendige saumane til oppklypp. Eg har ikkje tatt i bruk den nye metoden der ein klypper utan å sy..... Men eg fekk akkurat  nok garn, i allefall av det kvite. Litt restar i brunt.


Klar til å sy og klyppa.
Dominotepper har vore framme igjen - eg har faktisk strikka mange lappar på det. Så - det nærmar seg ferdig.



Ellers har eg starta med vottar. Kjekt med nokre småprosjekter og. Eg syns Wenche Roald i Vottelauget lagar utruleg flotte og nøyaktige mønster, så eg likar godt å strikke etter dei. Eg har strikka 2 par av Blåbærskogen - og to par av Snøhvit. I tillegg har eg strikka vottane Fuglesang. Dei og er det ho som har designa.  Kjekt å ha eit lite lager som kan brukast til gåver.


 



Nesten ferdige.
Manglar bare ein blondekant nederst.


3 kommentarer:

  1. Så mye fint du er ferdig med og har på gang! Nå er jeg imponert. Nydelige votter! Alltid kjekt med en velfylt gavekasse. Skulle likt å se bilde av deg med genseren på. Gleder meg til å se det ferdige teppet også!

    Klem

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koselig kommentar, Ingunn! Ja eg tenkte eg skulle hatt genseren på, men dessverre var det ingen andre heime då eg styrte på med fotograferinga! Men plutselig ein dag kjem der eit bilde:-)

    SvarSlett
  3. The 10 best casinos to play games in Australia - Wooricasinos.info
    1. Mega Fortune · 2. Ignition 피망 포커 다운 · 장원도메인 3. Vegas Crest 해외 배팅 업체 · 4. Big uygunaalisveris.com Bad Wolf · 5. 무료룰렛게임 SuperSlots · 6. Slots Empire.

    SvarSlett