søndag 15. november 2015

På tur langs havet.

Endeleg har me vore på tur igjen. Nå var det lenge sidan sist. Ein sundag med god tid, tåleg bra ver og ei Gubbeskulder som tåler å traske litt i ulendt terreng igjen - det var ein fin kombinasjon. Me har jo traska langs kyststripa vår, i etappar, og dei fleste av dei har me gått både fram og tilbake. Nå stod det igjen ein strekning frå Tananger havn til Hafrsfjord bru. Det er eigentleg ikkje så langt i frå oss, men likevel hadde me ikkje gått her før. Mykje stein og blankskurte svaberg, og litt lyng og småkratt - tilsaman vart det 1 mil me hadde tilbakelagt! Herleg å vere ute på tur. Litt mat og drikke undervegs gjer og nye krefter.

Ut på tur - aldri sur!

Gubben har spesielt auge for gamle båtvrak!
Nesten sånn var gamlebåten vår og då me fekk den.


Ved sjøbadet ved Myklebust.
Gammalt møter nytt.


Bananpause.


Heldigvis vart det litt surt og kaldt då me tok matpause
slik at me kunne ta på dei gode dunjakkane
me hadde i sekken.

Regnbue.
Sol og regn på ein gong.
Ei lita idyllisk (og sikkert verhard) øy utføre Tananger.

Nå har me gått samanhengandes frå Tungenes som er det nordligaste punktet og til Obrestad  fyr i sør. Me har ennå nokre kilometer igjen før me kjem til Ogna og eit meir knausete område, men året er ikkje heilt omme ennå. Kanskje me rekk fleire turar langs kysten. Det minkar jo på dagslys, så det må bli i helgene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar