Det er jammen godt å ha tatt ein bestemmelse på noko! Då er det mykje lettare å gjennomføra gode fortsett. Feks idèen om å gå 52 turar dette året. Då har me noko som pusher oss, og det trengs av og til. Nå er me over den travlige sjukehus-perioden som me har hatt, og kvardagen er meir normalisert. Kveldane er fortsatt litt mørke, men det går litt bedre an å bruke ettermiddag/kveldar til turar. Me er ikkje glad i asfaltvegar og grusveier, likar oss best i ulendt terreng. Har ein rygg som treng treninga det ulendte gjer.
Denne veka har me greid to turar! Det er kjekt. Den første var ein kveld i veka, me tok føre oss stranda som me er veldig godt kjent på, men gjekk litt lenger. Me tenker oss nemleg at me skal prøva å gå heile strekket frå Tungenes fyr til Ogna eller der omkring. Det vert det jo mange turar av, og me prøver å tenke ut kor det er lett å starte neste gong. Me skal ikkje hoppe over nokre meter, nemleg. Her på Jæren har me jo milevis med strender. Godt terreng å gå i.
6 km på litt over 1 time.
Tur nr.2 denne veka gjekk til Sandnes og småfjella rundt der. Me kjørte til Gramstad, tok vegen oppover til Fjogstadnuten, over fleire kollar og opp til Dalsnuten. Her hadde me ein god rastepause, med kakao, nybakte bollar og appelsin. Og så tilbake til bilen.
5 km på 1,5 time + pause. Denne turen var mykje brattare.
 |
"Steinkjerringa" På Fjogstadnuten | |
 |
På Dalsnuten. Her var mange andre folk og. |
 |
Folk kler seg jammen forskjellig på tur! Japanara i kjole og joggesko. Me hadde fjellsko og Devold. |
 |
Kjekke dyr! |