søndag 18. januar 2015

Nydelig januarsundag i veke 3

Det er sundag,  og det er tid for tur. I dag vart  det ein nydeleg dag etter mange stormfulle dagar. Me tok oss fri frå andre forpliktelsar, pakka sekken og var klare for å dra, då me fekk ein telefon. Gode turvenner lurte på om me ville på tur i dag og! Så då gjekk turen via Ålgård for å hente passasjerar til baksetet, før me drog til ferja på Lauvvik. Hytta var målet, for å sjekke litt etter alle stormane, og ta turen til Randåsen. Her har me vore mange gonger før, men ikkje i midten av januar og med snø på fjellet. Men dagen vart aldeles nydeleg! Heilt stille, knallsol - det var bare ein fantastisk dag. God nistemat hadde me med, og kaffi på kanna! Og strikketøy i solveggen tilslutt, før me trilla heim igjen. Takk for ein flott dag og ein flott tur!

Lengde: 5,89 km

Tid: 3 timar med ein god pause på toppen.
 
Høydemeter: 367 meter
 
Ver: nydelig sol og 0 - -2grader.
 
Godt å vere her igjen.
Bare synd det var ein kortur.
 
Me har ein fantastisk hytteutsikt.


Ut på tur -
opp gjennom skogen.
 
 
På toppen fann me tjernet islagt.
Det var sjeldant syn.

 

  
 
På toppen!


Godt i sekken!

Ikkje lett å ta "hoppet" på eit
snødekt stuuuup!


Gubben greide det!

 
Tilbake på hytta var det godt å nyte
nokre solstråler i hytteveggen
.


Og ha ei lita strikkestund
før sola gjekk ner!

Så var dagen nesten over -
det var på tide å dra heim.
Takk for ein flott dag!

 

2 kommentarer:

  1. Dette må ha vært en praktfull dag! Nydelige bilder! Viktig å nyte slike dager til fulle.

    God uke videre fra Ingunn

    SvarSlett