torsdag 15. mai 2014

Vestlands-helg.


Me har hatt ei flott helg. Langtur langs Vestlandet ei vårhelg i mai er som regel ein flott opplevelse. Fint ver, nyutsprungen bjørk, snø på fjelltoppane og kvitveis i grøftene. Me hadde ikkje mykje baggasje på oppturen, bare litt mat, strikketøy, bunad og litt kler for to-tre dagar. Men på heimtur var bilen fyllt til randen! Veslejenta er nemleg ferdig på folkehøgskulen, og nå skulle flyttelasset heim igjen. Mykje turutstyr, garn ...... mange nyttige ting. Me fekk vere med på ein flott avslutningsfest på skulen! Flotte ungdommar, veldig mange i bunad, flott underholdning, mykje ungdommeleg energi, god mat, og mange kjekke folk. I tillegg fekk me ei natt på hotell, med nydelig middag om kvelden, og ei natt hos storesyster Jorunn i Ulsteinvik! Flott laurdagskveld i solnedgangen i vinterstova - med fantastisk utsikt! Sundag vart ein lang dag i bilen. Heldigvis likar Gubben godt å kjøre, og eg likar å strikke. Det blei ein del cm på stripeteppet mitt! Kjekt når det aukar.
Ærverdige Gloppen Hotell!
Me sov godt her 1.natta.

Nydelig middag.


Rusletur i Sandane om kvelden,
når sola gjekk ner.

Flott kveldshimmel.

Gubben er flink til å stue inni bilen.
Og Veslejenta hadde gjort ein grundig pakkajobb.
Alt fekk plass inni bilen!

Ikkje lett å sjå ut av bakruta nå.
To gode venninner.

Utsikt frå Varleit.
Nydelig utover sjøen og skjærgården.

Så gjekk turen sørover igjen.
Flott med fjord og fjell og snø.

Heime blomtra epletreet.
Det blir kjekt med mange epler til hausten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar