mandag 17. mars 2014

Restegarn og garnslanking.

Kvardagen er i ferd med å normalisere seg. Jobb, middag, kaffikos med avis, strikk og frukt i sofaen, og diverse aktivitetar på kveldstid. Me er så og seie ferdige med malinga i denne runde. Dvs - eg er heilt ferdig. Gubben har ei trapp igjen. Så nå er det herlig å finne roen innimellom med strikketøyet igjen. Me kosar oss i den nye stova, og har funne nye plassar til både nokre møbler og bilder. Kjekt å ommøblere litt.
 
Ein liten titt i strikkekorga viser at det er ikkje så mange påbegynte spøt for tida. Eg har jo nokre langtidsprosjekt, tre tepper er under produksjon, men det eine nærmar seg toppen, så det har eg tatt fram igjen. Må få det ferdig nå snart. Regnbue-restegarn-teppe er ikkje så stort ennå, men plutselig ein dag er det lengre! Og det siste teppe - til Reise-Guro- skal vere ferdig til 25 års dagen hennar. Ho fyller snart 24 nå i mars........ litt god tid, med andre ord.

Domino X 2

Strukturteppe i grått.

Ellers har eg hatt både ein jakke og ein jumper på pinnane ei stund. Danskejakken er endeleg ferdig - blei kjempegod - tynn og lett, kjenner nesten ikkje at den er på. Eg er godt fornøyd med resultatet. Herlig med fargar. Litt tynt garn, kjente det særleg på slutten då eg bare strikka med det gråe garnet. Litt vanskeleg å få fine kantar. Men nå er det ferdig! Hurra!

Ferdig!

Kjøpte fine knappar og i København.
Den kvite genseren i ull/lin -  i dobbelt garn, nærmar seg og slutten. Eg er godt i gang med raglansfellinga. Den ser jo ut som eit pølseskinn, men det er jo ribbestrikk, det strekker seg heldigvis ut ved bruk. Blir nok bra den og :-) Lingarnet har eg hatt liggandes to - tre år på kammerset, så det er godt å få det brukt. Eg suplerte med ulgarnet - før jul.

Kjekk å strikka, mønsteret er frå Annette Danielsen.
Når ein nærmar seg slutten på fleire prosjekt, må ein jo tenke vidare og legge planar for framtida. Kva skal eg nå gripe fatt i tru? Eg likar godt å rusle inn på Kammerset og trekke ut litt korger, kikke på nydeleg garn og planlegge. Eg fann ei fin oppskrift i Anette Danielsen si bok: Østen for solen. Her var rygg, framstykke og armar strikka i ulike fargar og struktur. Dette passte meg. Eg fekk for nokre år sidan ein stor fin bunt med blått garn frå Tallinn av Minstejenta. Eg har ikkje fått brukt den ennå. Nå fann eg fram diverse andre restar og sette saman ein brukbar kombinasjon. Dobbelt tråd av to tynne garn gjer eit fint fargespel. Så nå blir det ennå ein jumper - i blå/turkise fargar. Syns det var kjempelurt å bruke ulike garn - då får eg jammen slanka lageret mitt litt og.

Herlige fargar.
Mine fargar.

Den rustrøde skal brukast til halskant.

Måtte strikke prøvelapp,
slik som Eldstejenta er så flink til.

I gang.
Tenker dette blir framstykket.
Strikka av Tallingarnet.

Sånn skal den bli!
 Kanskje utfordringen vidare må bli - kor mange gensrar klarer eg å strikke av garnlagaret mitt? Eg greier nok ein del til! Men treng eg så mange då? Neppe. Men med eit kjøpefritt år på kler og passar det fint å strikke seg noko nytt. Det kostar jo ikkje noko ekstra!

3 kommentarer:

  1. Du er kjempe flink Tone!!!! Her var det mykje fint på gang. Takk for igår. Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha! Ja det var koselig med besøk:-)

      Slett
  2. Fargeglade tepper øverst! Riktig fine! Liker både jakken og genseren også! Kjekt når garnet i lageret inspirerer synes jeg. Jeg følger med på framdrifta.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett