fredag 3. januar 2014

Siste og første.

Godt nytt år til dokker alle! 
Å runde eit årsskifte, innbyr alltid til oppsummeringar.  Å gjere ferdig strikketøy kan jo og kallast ei oppsummering. I løpet av denne juleferien hadde eg tenkt å få avslutte litt av innholdet i strikkekorga. Og aller helst begynne på noko nytt! Jammen godt eg er lærar og har lang ferie!  Og jammen greide eg det.To prosjekt er ferdige, og der er blitt betre plass i korga.  Første mann ute - eller fjorårets siste prosjekt - blei den lilla alpakka flettejakken. Tynt garn og tynne pinnar, tar lett litt tid då. Men når  alle trådane er  festa, gløymer ein gjerne det kjedelige og nyt synet av eit ferdigstrikt produkt. Gler meg til å ta i bruk jakken. Det første avslutta prosjektet i året 2014 , var "Terjegenseren". Her var både garn og pinnar tjukke. Så då går det unna i ein fart. Då eg var nesten ferdig, måtte jo Gubben prøve den på. Men eg hadde vore raus med omgangane, så det var blitt for sid. Då var det bare kort prosess - opprekking av heile raglandsfellinga. Men Gubben var hjelpsom, og snart kunne eg starte på bærestykket på ny. Nå er jumperen ferdig, og Gubben er klar for ein rotur. Bare synd at båten er stua litt langt vekk og ikkje klar for ein vintertur!

Ps. Fann forresten eit tips på Facebook - der er ein del strikkedamer "der ute" som har samme prosjekt som meg, nemleg å "slanke" garnlageret sitt. Artig! I tilleg sparar dei 10 kr pr oppstrikka nøste. Kan lett bli ein fin pengesum ut av det. Til nytt garn, feks, eller ein tur ut i verden? Eg slenger meg på den, eg og!
God januarstrikk.

Fletter i Alpakka.

Varmar til og med på augene!
Ganske praktisk

Fornøgd Gubbe!
Står klar med nytt ausekar.

Sjøulken.
Kan vere det blir litt varmt å ro i denne!
I allfall på sommarstid.
Putta ikkje oppi full pott for "Terjegenseren"
Noko var jo strikka i 2013
.
Er spent på kor fullt glaset blir.


6 kommentarer:

  1. Den flettejakken er kjempefin! Tøff Gubbe-genser! Imponerende å ferdigstille to store prosjekter i juleferien!

    Lykke til med "sparinga"!

    Nyttårsklem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Oj, oj, så flink du har vore i juleferien då! Eg er også lærar, men har ikkje gjort noko av alt det eg liksom skulle lage.. Designeren til Terjegenseren er forresten mi barndomsveninne Magda, som driv Happy Knitting no;) Så artig! Må tipse henne;) Riktig god helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig! Fin oppskrift å strikke etter! Me tok ein personlig vri med stripene oppe på bærestykket, for sånn ville denne Terje-gubben ha det!

      Slett
    2. Flott både genseren og gubben;) Og eg ser du er like ivrig med strikkinga i det nye året også;)

      Slett
  3. Så artig å sjå Terjegenseren, nesten de samme fargene som til min Terje. Ellers så har jeg strikka den til begge brødrene mine, en svoger og to venner : )

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt med kommentar! Eg hadde lova Gubben når me gjekk inn på Hillesvåg - eg skal ikkje kjøpe noko! Men når me fann Terjegenseren måtte me bare slå til!

      Slett