onsdag 6. juni 2012

Kammerset!

Kammerset er ferdig! Og namnet er klart: Frå nå av heiter rommet mitt KAMMERSET! Den siste veka har eg kost meg der inne, med klargjering, rydding, hiving, stryking av fine stoff, sortering av garn, strikkepinnar, trådsneller, knappar, mønster og hobbybøker. Jammen klarte eg å fylle opp mange av dei ledige hyllene, og jammen hadde eg mykje meir garn enn eg trudde. Men utruleg kjekt å få samla alt og lage eit fint og koseleg rom. Eg kan lett trivast her. Og det beste av alt - nå treng eg ikkje å rydde opp og pakke vekk eit prosjekt som er i gang. Nå kan eg bare lukke døra, så er det ingen som ser det! Og har du lyst på ein titt - kom på besøk!

Heldigvis bur eg ilag med ein snill handy-mann!

Eg fant mykje rart på min vandring gjennom huset etter poser og korger med garn.

Alt fekk plass i hylla!

Dei gamle glansbildene mine har komt til heder og verdighet.
Eg har spart på dei i årevis, nå kjøpte eg ei stor ramme og putta nokre inn i.
Ganske flott - og med mange gode minner.

Nokre av dei var ganske slitte etter at små
barnehender har studert dei utallige gonger.

Detalj frå hylla.

Eit gammalt prosjekt dukka opp: eit strikka sengeteppe i tynn, tynn tråd og pinne nr.2
Ska tru om dette vert ferdig ein gong?

Klart til eit nytt domino-teppe.

Norges-glass er fine til oppbevaring.
Eg manglar ei hylle dei kan stå på.


Fine fargar.
Boksane er ikkje så veldig store,
men eg fann mange fine småstoff i "roteboksen" min.

Nydelige fargar

Noko fint til jul?

Nok eit gammat prosjekt dukka opp:
resultatet frå eit kurs i brodering med maskin.
Dette bør bli ferdig om ikkje så lenge!

4 kommentarer:

  1. Så fint det vart, Tone!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det. Kjekt å få ting litt i system:-)

      Slett
  2. Gratulerer med kammerset! Kjempefint rom du har fått. Eg tar meg ein tur bort ein ettermiddag... . Det ser ut som du og har litt å ta fatt i av sy- og strikkeprosjekt. Gildt det:)))) Ellers er du hjarteleg velkommen bort å sjå på truseposane mine. Viktig å være ferie klar:)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med fint kammers, reine skattkammer(s)et:) Utruleg fint rom og utruleg mange fine prosjekt du allereie har der. Gler meg til å følgja med deg vidare i prosjekta dine, så inspirerande:) God helg til deg og dine:) Klem Liv Oddny

    SvarSlett