tirsdag 14. februar 2012

Solfest

Ute stormar det og er surt. Likevel er me klare for å feire at sola er tilbake inne i kroken hos oss. Me ligg i mørkeland frå 1.des til nå, akkurat her på vår eigendom. Tenk det - å bu på flate Jæren og  ikkje ha tilgang på sola heile året. Her er ingen høge fjell som skuggar for sola. Men me bur i ein bratt skråning, der bakken bak og nokre hus stenger for solstrålene. Men her ein dag skein sola atter inn gjennom vindua. Det er grunn til å feire. Så nå utover våren og sommaren har me stadig meir sol ner i hagen hos oss. Og snart får me flotte solnedgangar i havet. Det likar me godt. Dei er vel verd å vente på. Så feiringa i kveld får vere med litt strikketøy, god kveldsmat (det stod nybakt gulrotkake i kjøleskapet då me kom heim idag!), ein god film på dvd - og litt pepsimax! Passar ekstra godt å feire sola når det stormar ute!

Skyggevirknig på golvet.


Oi, sola kan avsløra så mangt.
Me har ein jobb å gjer utvendig.
Ein dag sola skin!


2 kommentarer:

  1. Same fargen på vindua som me har....:)
    Er det vinterferie-tid?
    Nokre av oss skal ha litt fri i slutten på veka,
    så då blir det vel Gardsenden.. Rut;)

    SvarSlett
  2. Ja, nå nyter me livet på Randøy. Idag er her nydeleg, i går var her eit enormt regnver. Deileg med ein time-out:) Toneklem.

    SvarSlett