lørdag 1. mai 2010

Utsikt frå stranda!

Nå har eg jammen vore heime i litt over 2 veker! Jammen går tida fort! Og jammen kan ein verta rastlaus av å bli parkert på denne måten! Heldigvis skal det vera helbred i å gå turar i ulendt terreng, og då er stranda ein flott plass å opphalde seg på! Eg likar meg best i dei graskledde kulene, der kan eg gå både opp og ner, fram og tilbake! Eg er ute og går kvar dag, og ofta har turen blitt 5 - 6 km lang! Då syns eg at eg er ganske god! Og ryggen - har den blitt betre? Tja - eg verkar nok like mykje som før, særleg nedover i høyrefoten! Det er ganske vanskeleg å stå opp og kle på seg om morgonen, og sokkane er heilt umulege! Så jentene her i huset har fått ei ny oppgåve: ta på mora sokkar før dei går om morgonen! Det er heldigvis snart sommar og sokkerfri! Bilkjøring er heller ikkje så lett - då verkar det mykje! Men ner til stranda greier eg, og med eit nødskrik til fysioterapeuten på Sandnes. Men uansett - det er herleg å ha bytta bort utsikten frå sofakroken - med utsikt frå stranda! Idag blåste det godt på sjøen!
Det er godt med gode kler!
Stranda var full av
mange små soler!
Nydelig nå om våren!
Og jammen såg eg
løvetann for første gong!

Kitarane var på plass!
Frå sofakroken:
Fersken-treet blømer!
Nå kan humlene bare komma!
Og pilå mi spirer!
Kjekt å sjå - etter ein kald vinter!

1 kommentar:

  1. Ønsker deg riktig god bedring! Flott å ha tid til å se våren komme og, da... :-)

    SvarSlett