torsdag 15. oktober 2009

Haustferien i London!

Då var me jammen tilbake igjen, etter 4 flotte dagar i London! Heile familien på tur, noko som var veldig kjekt! Me fekk med oss mange kjekke opplevelsar, bl.anna: shopping, Madam Tussaud, musikalen Lion King (noko som var heilt fantastisk!!), me var på cafebesøk i fleng, køyrte mykje undergrunn, drakk kaffi på Starbucks, prøvde indisk mat, kjøpte lilla Dr.Martens sko, gjekk tur i Hyde park, var på Naturhistorisk Museum, kjøpte eit lass med nye sokkar, åt kinamat i Chinatown, me var på marked i Portebello Road ilag med enormt mykje andre folk, og åt kjempegod pasta på Spagettihouse! Ein god avbrekk i kvadagen! Nå får me kose oss me bildene!

Matilde og Aleksander hadde komt
litt før oss og venta på oss på Gatwick!
Nå er me klare for shopping!

I storbyen!


Me treffte kjentfolk og!
(På Madam Tussaud!)

Terje med dei store karane!

Marked i Portebello Road!

Kaffipause!

Big Ben!

Haustfargar i Hyde Park!

1 kommentar:

  1. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ!!! Det såg- og haurdest ut som ein perfekt London-tur, kjenne eg kunne ha reist på timen!!! Den kaffikoppen såg herlege ut Tone, ka for ein valgte du?? Rut:)

    SvarSlett