lørdag 22. august 2009

Rogn!

Rognetreet er eit flott tre! Særleg i desse dagar!
Har du lagt merke til kor utruleg mykje
rognebær det er på rogna i år?
Det fasinerer! Dei flotte rød-oransje bæra som
ser så innbydandes ut,
men som både henger høgt og smakar surt!
Men fuglane er visst glad i dei!
Blir det mykje eller lite snø i år?
Nokon påstår dei kan spå det ut frå rognebæra!
Dersom trea ber mykje bær, blir det lite snø,
for treet kan ikkje bere tungt to gonger!
Andre seier: Dersom det er mykje bær,
har fuglane godt med mat,
og då kan det verte mykje snø!
Me får sjå kva som stemmer best i år!
Flotte er dei uansett!
I hagen min har eg og ei rogn,
men den bærer kvite rognebær!
Dei er og fasinerandes!
"Litt gammeldagsbusk dette her,"
sa mannen me kjøpte den av!
Men den er likevel flott! Bare sjå sjølv!!



Store flotte klasar!

Mine artige kvite rognebær!

2 kommentarer:

  1. hæ? finns kvite rognebær? er det treet nytt? kor det står?

    SvarSlett
  2. La du verkelig ikkje merke til den flotte busken i sommar? Den står i bedet utfor kjøkkenvinduet! Du kan se på den fra kjøkkenbenken! Du må nok komma hjem ei helg for å studera det nøyare!Klem fra mor :-)

    SvarSlett