torsdag 5. mars 2009

Vinterferien 2009

Så var vinterferien over for denne gong, og kvardagen har vendt tilbake til oss! Men me har hatt flotte feriedagar! I år fekk me vere med ein gjeng frå Sandnes på hyttetur til Ådneram, og det vart veldig kjekke dagar! Mykje nysnø, gode måltid, godt drøs og sosialt samvær, god tid til lange skiturar - både på bortoverski og i slalombakken, var ingredienser for desse dagane! Og god tid til strikketøy! Guro sin Marius-genser nærmar seg ferdig! Veret var også flott, fjellet viste seg frå si finaste side på fredagen! Bare sjå sjølv! Eg som hadde smørefrie ski hadde super gli heile veka, mens enkelte andre sleit enten med klabbar eller bakglatte ski! Så smørefrie er tingen! Maren var og godt fornøgd med turen! Når 7 jenter deler eit 6-mannsrom må det jo bare bli kjekt! Me blir gjerna med neste år og! Me gler oss allerede!

På toppen av fjelltrekket! Fantastisk!!


Det klabba litt ......


Maren og Margaret



Vinterfjell!


Rastepause!


Ved Ånenstølen.



Klar for slalombakken!



Ådneram Turiststasjon







1 kommentar:

  1. Kjempe kjekk tur :)
    Gleder meg allerede til neste år!

    SvarSlett