
torsdag 20. mai 2010
Oppmuntringar!
Eg har fått ei bunke med kort - oppmuntringar av beste sort! Mine "søte små" på skulen har laga kort til meg, og det er kjempekoselig å få slike gode oppmuntringar! Og jammen savnar eg dei og - og det skal bli godt å få begynna på jobb igjen, om nokre veker!

onsdag 19. mai 2010
Ny utsikt - frå sjukehussenga!
Nok ein gong vart utsikten min - og innholdet i dagane skifta ut! Livet er mangfoldig! Etter nokre dagar med stadig meir verking i isjas-foten min, låste det seg heilt, og det gjekk nesten ikkje an å pusta! Då var det ikkje anna råd enn å ringa etter eit transportbyrå av beste sort! Dei kom - flotte karar med god morfinrus - og losa meg trygt inn på sjukehuset! Prolapset hadde med andre ord forverra seg betrakteleg, og nå vart det bestemt at operasjon måtte til! Her vart eg liggandes frå torsdag ettermiddag til sundag ettermiddag før nokon hadde tid til å skjæra litt i meg! Heldigvis er det gode, dyktige folk som jobbar her! Så etter operasjonen våkna eg opp som eit nytt og betre menneske, verken i føtene er vekke! Fantastisk og hurra!! Etterkvart kunne eg både gå, sitte og kle på meg sjølv! Utruleg korleis slike småting som ein ikkje tenker over til vanleg, blir viktige! Eg er veldig takknemleg for så god og rask betring! Så nå kan resten av våren nytast - nå er det stort sett bare litt vondt i skuren bak! Så etter ein heller laber feiring av nasjonaldagen - er eg heime og stuller og steller! Hurra, hurra, hurra! (Eg fekk ikkje sagt det på 17.mai!!)
Kjekke karar!
Utsikt frå 5G -
eg hadde overoppsynet
med legehelikopteret!
Eg klarte heldigvis å snappa strikketøyet med meg!
Det går fint an å strikka liggandes og litt forkrøpla!
Eg fekk flotte blomster
både på sjukehuset og heime!
Roser frå jentene mine!
Utsikt frå 5G -eg hadde overoppsynet
med legehelikopteret!
Eg klarte heldigvis å snappa strikketøyet med meg!Det går fint an å strikka liggandes og litt forkrøpla!
Eg fekk flotte blomsterbåde på sjukehuset og heime!
Roser frå jentene mine!lørdag 1. mai 2010
Utsikt frå stranda!
Nå har eg jammen vore heime i litt over 2 veker! Jammen går tida fort! Og jammen kan ein verta rastlaus av å bli parkert på denne måten! Heldigvis skal det vera helbred i å gå turar i ulendt terreng, og då er stranda ein flott plass å opphalde seg på! Eg likar meg best i dei graskledde kulene, der kan eg gå både opp og ner, fram og tilbake! Eg er ute og går kvar dag, og ofta har turen blitt 5 - 6 km lang! Då syns eg at eg er ganske god! Og ryggen - har den blitt betre? Tja - eg verkar nok like mykje som før, særleg nedover i høyrefoten! Det er ganske vanskeleg å stå opp og kle på seg om morgonen, og sokkane er heilt umulege! Så jentene her i huset har fått ei ny oppgåve: ta på mora sokkar før dei går om morgonen! Det er heldigvis snart sommar og sokkerfri! Bilkjøring er heller ikkje så lett - då verkar det mykje! Men ner til stranda greier eg, og med eit nødskrik til fysioterapeuten på Sandnes. Men uansett - det er herleg å ha bytta bort utsikten frå sofakroken - med utsikt frå stranda!
Idag blåste det godt på sjøen! 
Og jammen såg eg
løvetann for første gong!
Kitarane var på plass!
Frå sofakroken:
Fersken-treet blømer!
Idag blåste det godt på sjøen! 
Det er godt med gode kler!
mange små soler!
Nydelig nå om våren!
Og jammen såg egløvetann for første gong!
Kitarane var på plass!
Frå sofakroken:Fersken-treet blømer!
tirsdag 20. april 2010
Utsikt frå sofakroken!
Eg har parkert - for ei tid! Eg har fått meg eit prolaps i ryggen, og må ta del i kvardagen frå sofakroken! Det vonde i ryggen som bare blei verre og verre, viste seg å vera ein mellomstort prolaps! Sånn kan det gå! Men prognosane for å bli bra er gode. Det kan bare ta litt tid! Så nå har eg fått beskjed om å leva som ei prinsessa, ta hensyn til meg sjølv - og gleda meg over ting som eg greier å gjere! Og det er mykje! Rusle rundt i hagen og sjå at det spirer, gå turar i ulendt terreng (eg har funne meg eit kulturbeite i nærheita som eg tråvar på kryss og tvers!), lese bøker som ventar på å bli lest, sjå frukost-TV mens eg et frukost - og ikkje minst: STRIKKE! Det går fint å strikke liggandes eller lendt bakover. Og så er det utruleg lett å gå igang med nye prosjekter! Litt av garnlageret mitt skal bli til noko! Så nå nokre veker blir eg å finna mest heime, men etterkvart må eg nok ned til de "søte små" på skulen. Plutseleg er eg tilbake i full vigør! Imens "kosar" eg meg - med utsikt frå sofakroken!
Langtidsprosjekt:
Kanskje dette og blir til eit teppe ein gong?
strikka frå halsen og ned!
To sitteputer som gjerne vil vera med på tur!
Desse fann eg påbegynte i strikkekorga!
Godt med ei vår-rydding!
Sittepute-madrass til den blå benken på hytta!
Den låg heilt på bånn i strikkekorga!
Litt tjukt garn som vil bli til noko tova!

Bøker - innkjøpt på salg til påskelesing!
Kanskje eg får tid nå?
Tilslutt: Mi flinke dotter!
Guro er igang med hekleteppe nr. 2
Fantastisk flott!
To sitteputer som gjerne vil vera med på tur!Desse fann eg påbegynte i strikkekorga!
Godt med ei vår-rydding!
Sittepute-madrass til den blå benken på hytta!Den låg heilt på bånn i strikkekorga!
Litt tjukt garn som vil bli til noko tova!
Bøker - innkjøpt på salg til påskelesing!
Kanskje eg får tid nå?
Tilslutt: Mi flinke dotter!Guro er igang med hekleteppe nr. 2
Fantastisk flott!
mandag 12. april 2010
"Havesyken!"
Maen har fått "havesyken"! Han får den kvar vår! Den arte seg sånn at han brukar mykje tid på ulike prosjekter i hagen. Det kriblar i fingrar og musklar etter å setta igang ! Det kan kanskje samanliknast med mine kriblingar i kontakt med nye garnnøster! I år er det hekken som fekk gjennomgå. Laurdag morgon drog han igang motorsaga, og meide vekk heile buskasset. Han lempa det på tilhengaren og kjørte det til Sele Bossplass før eg fekk sukk for meg!Seinare på dagen måtte me på handletur, ny hekk + diverse frukttre skulle kjøpast inn! Så nå har han mykje godt arbeid føre seg! Og hagen blir nok flott etterkvart! Det er jamen godt med sånne "syger" av og til!
mandag 5. april 2010
Ferietid er strikketid!
I feriane har eg som regel litt ekstra tid til å kose meg med eit strikketøy! I år klarte eg å avslutta nokre strikkeprosjekt mens me var på hytta! Det er ein god følelse å festa alle trådane, rulle saman strikkepinnen og gje produktet til ein glad mottakar! Nå nærmar det seg skikkelig botnen i strikkekorga! Men nye idear er på veg! Og garnlageret ropar etter å bli brukt! Så det kriblar allereie etter å begynna på noko nytt!
"Lommetøfler" i plommetreet.
"Lommetøfler" i plommetreet.Påske!
I år vart påsken på Randøy fin! Ganske mykje fint ver, turar - både høgt og lågt, båttur med innlagt handletur på butikken på Skartvedt, koking av gule egg i grua + steiking av pinnebrød, og poppcorn i den nye poppcorngryta mi! Påskeegg, påskekrim, påskelesestoff, påskestrikk.... Alt som høyrer ein god påske til. Alt dette blei til gode dagar på hytta. Godt å sjå at naturen vaknar til live igjen, og kjekt å vere ilag og gjere kjekke ting!
Vårteikn!
Påskesol i vinduskarmen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)











Maren si kvite flettetjakke vart ferdig!












