søndag 7. juli 2013

Sykkelliv - i Provence

Nå er me heime igjen, etter ein fantastisk sykkeltur i Provence. Det var ein flott tur! Utruleg kjekt å komme seg rundt på eigenhand, kjenne varmen, kjenne lukter (blomster, hest...) finne igjen baggasjen på nytt hotell om kvelden, ta seg eit bad i ei elv eller symjebassenget på hotellet, ete fransk frukost, finne ein fin restaurant og nyte kveldens middag på, sykle rundt med norsk flagg på bakskjermen,  utveksle sykkelerfaringar med nye sykkelvenner, vere i lag med gode venner over lang tid, lytte til eit frammand språk og forstå bruddstykker av det,  feire bryllupsdagar - både 25 og 29 års dag, kjøpe fingerbøl og postkort, sjå reisefølge ete sneglar, sykle forbi olivenlundar og vinranker på geledd, stoppe i vegkanten og ta bilder av fargerike blomar, smake på aprikoser rett frå trea, oppsøke gamle franske kulturminner og borger, stoppe i vegkanten og ta ein matbit, utforske nye byar, lytte til nydelig tenorsang frå ein konsert i mørket,  finne ut at sykkeltreninga mi  i vår hadde god effekt - eg greide meg bra i motbakkane, lese kart, prøve kjolar, halde talar for kvarandre om kva vennskap betyr, diskutere rutebeskrivelsane, bli henta av ein taxi og kjørt tilbake til hotellet....... og tilslutt eit sandblåst, iskaldt bad i Middelhavet då turen var over. Etterpå tok me toget til Nice, ein selsom og varm opplevelse, der me kom fram 3 timar for seint pga "problimen" med toget. Men me hadde bestilt rom på eit nydelig hotell, med ein flott bakhage som passa perfekt til å ete frukost  og fotografere "brudepar" i. Her fekk me oppleve nydelege bad i Middelhavet, ei litt hard steinstrand, Tour de France-sirkuset, kjøp av ny ekte klatresykkeltrøye, ete pasta i Monaco og bli brun på armar og bein. Ein herlig ferie, med utruleg mange flotte bilder og gode minner.


Togtur frå Paris til Oranges der me skulle starta.
Karane fekk fine kaffivanar!


Kveldsfotografering

Fine folk - som glede seg til tur.

Utsikt frå hotellrommet - rett ned på syklane.
Me er klare - for 27 mil på sykkelsetet.

Me såg ein del lavendel,
men kom dessverre ikkje forbi heile åkrar!
Litt skuffandes.


Vinranker

Nydelige  solvarme aprikoser.

Pont du Gard, eit enormt byggverk
av ein avedukt som førte
vatnet over store avstander.

Sølvbrudeparet

Gode venninner.

God mat

På borgbesøk

Heia Norge!

Solsikker
Fransk frukost

Frukost i det fri.

Eit delig bad som mjuka opp litt stive og støle musklar.

Kult skilt utfor ein skule.

Målet er nådd!
" We did it!!"

Klare for bryllupsdags-feiring i Nice.


Tour de France-sirkuset.
Reklame for spekepølse!

Alt me lar oss lure med på!
Fekk gratis solhatt
:-)

Ny sykkeltrøye
- denne blir fin på rundturane mine her på Jæren!

Monaco


Eg har blitt påvirka av svigerson Sebastian:
Han er veldig glad i å fotografere fly!
Det var faktisk litt spennandes
- dei for like over stranda vår.

Strikking må til
- stranda var litt vond å sitte på for lenge.
Då blei det liggandes strikking!
Funka fint det og.
Takk til turvennene for ein fantastisk flott tur!
Kor skal me sykle neste gong, tru?

1 kommentar:

  1. TAKK tilbake for ein skikkeleg koseleg tur!
    Me må nok ha eit nytt "sykkelmøte" snart, så trur eg nok me finn nye turmål.
    Helsing turfølget.

    SvarSlett