Nå er me heime igjen, etter ein fantastisk sykkeltur i Provence. Det var
ein flott tur! Utruleg kjekt å komme seg rundt på eigenhand, kjenne
varmen, kjenne lukter (blomster, hest...) finne igjen baggasjen på nytt
hotell om kvelden, ta seg eit bad i ei elv eller symjebassenget på
hotellet, ete fransk frukost, finne ein fin restaurant og nyte kveldens
middag på, sykle rundt med norsk flagg på bakskjermen, utveksle
sykkelerfaringar med nye sykkelvenner, vere i lag med gode venner over
lang tid, lytte til eit frammand språk og forstå bruddstykker av det,
feire bryllupsdagar - både 25 og 29 års dag, kjøpe fingerbøl og
postkort, sjå reisefølge ete sneglar, sykle forbi olivenlundar og vinranker på geledd, stoppe i vegkanten og ta bilder av
fargerike blomar, smake på aprikoser rett frå trea, oppsøke gamle franske kulturminner og borger, stoppe i vegkanten
og ta ein matbit, utforske nye byar, lytte til nydelig tenorsang frå ein konsert i mørket, finne ut at sykkeltreninga mi i vår
hadde god effekt - eg greide meg bra i motbakkane, lese kart, prøve kjolar, halde talar for kvarandre om
kva vennskap betyr, diskutere rutebeskrivelsane, bli henta av ein taxi
og kjørt tilbake til hotellet....... og tilslutt eit sandblåst, iskaldt
bad i Middelhavet då turen var over. Etterpå tok me toget til Nice, ein
selsom og varm opplevelse, der me kom fram 3 timar for seint pga
"problimen" med toget. Men me hadde bestilt rom på eit nydelig hotell,
med ein flott bakhage som passa perfekt til å ete frukost og
fotografere "brudepar" i. Her fekk me oppleve nydelege bad i
Middelhavet, ei litt hard steinstrand, Tour de France-sirkuset, kjøp av
ny ekte klatresykkeltrøye, ete pasta i Monaco og bli brun på armar og
bein. Ein herlig ferie, med utruleg mange flotte bilder og gode minner.
 |
Togtur frå Paris til Oranges der me skulle starta. |
 |
Karane fekk fine kaffivanar! |
 |
Kveldsfotografering |
 |
Fine folk - som glede seg til tur. |
 |
Utsikt frå hotellrommet - rett ned på syklane. |
 |
Me er klare - for 27 mil på sykkelsetet. |
 |
Me såg ein del lavendel, men kom dessverre ikkje forbi heile åkrar! Litt skuffandes. |
|
 |
Vinranker |
 |
Nydelige solvarme aprikoser. |
 |
Pont du Gard, eit enormt byggverk av ein avedukt som førte vatnet over store avstander. |
 |
Sølvbrudeparet |
 |
Gode venninner. |
 |
God mat |
 |
På borgbesøk |
 |
Heia Norge! |
 |
Solsikker |
 |
Fransk frukost |
 |
Frukost i det fri. |
 |
Eit delig bad som mjuka opp litt stive og støle musklar. |
 |
Kult skilt utfor ein skule. |
 |
Målet er nådd! " We did it!!" |
 |
Klare for bryllupsdags-feiring i Nice. |
 |
Tour de France-sirkuset. Reklame for spekepølse!
Alt me lar oss lure med på! Fekk gratis solhatt :-) |
 |
Ny sykkeltrøye - denne blir fin på rundturane mine her på Jæren! |
 |
Monaco |
 |
Eg har blitt påvirka av svigerson Sebastian: Han er veldig glad i å fotografere fly! Det var faktisk litt spennandes - dei for like over stranda vår. |
 |
Strikking må til - stranda var litt vond å sitte på for lenge. Då blei det liggandes strikking! Funka fint det og. |
Takk til turvennene for ein fantastisk flott tur!
Kor skal me sykle neste gong, tru?