Eg har eit kjempefint arbeidsrom - eller Kammers som eg likar å
kalla det. Der har eg samla alt av garn og tøy og trådsneller og nåler
og hobbybøker og strikkekorger og strikkepinnar og....... Av og til går
eg inn her og koser meg med å ta i nøster, bla i bøker og begynna å
planleggja litt på neste prosjekt! Eg er visst heilt hekta på garn og
pinnar og slikt. Men ein dag då eg satt og bladde i bøker, så fann eg
jammen to like! Zett på maken! Det er ikkje nødvendig å ha to av
same sorten.
Så nå vil eg gjerne gje den eine vekk.
Boka heiter "Maske
for maske" og inneheld mange fine og mønstrete modellar for ungdom og
vaksne. Mykje arbeid på ein del av dei, men eg såg eit godt tips her ein
dag. Lisbeth på Lissi Design på Jærhagen hadde strikka ei flott pute
der ho brukte deler av mønsterborder for ein jumper! Det kan nok desse
modellane og brukast til. Og til inspirasjon til eigne kreasjonar! Så
legg igjen ein kommentar nedanfor om du er interessert. Dersom det
melder seg mange ivrige strikkara - trekk eg lodd! Eg er ekspert på
loddtrekning! Det kan nesten brukast til alt - og i mange
livssituasjonar. Her er det ingen forpliktelsar - bare ein liten
kommentar!
 |
Dobbel glede som kan delast! |
 |
Flotte modellar! |
 |
Her er fine reinsdyr.
Mykje funksjonelt rot!
Eller mange ting på gang!
Flotte garnnøster ligg i kø og ventar på å bli til fine ting!
|
Då klarte eg Z-en. Nå nærmar dette prosjektet seg slutten! Tre bokstavar igjen!