Hardanger - og Tørvikbygd er min "barndoms dal". Her har eg feriert i
mange, lange og gode sommarferiar då eg var barn. Her bur slekta - her
er det fremdeles godt å vere. I sommar har eg hatt meg ein tur på
gjenngrodde stiar. Då eg var liten var eg alltid minst. Mange gonger
hadde det sine fordelar, men når storfamilien ville på fjelltur til
Nuten, var eg alltid for liten! Det vart som regel ein lang og kjedeleg dag der venting på fjellfolket var det me gjorde. Det var nemleg ein lang og bratt tur - og dei trudde ikkje eg ville greie det. Ein gong fekk eg vere med, men då var det bare far og eg som tutla oss opp etter fjellet. Men i sommar var det min tur!
Ein fantastisk dag, med skodde, sol, utruleg planteflora, spennandes
steinformasjonar, snøfenner, 775 høgdemeter å gå, kjempegod matpakke og
fjellvatn å drikke. Ein god følelse å gjere noko ein har hatt lyst til
lenge!
 |
Her kjem slekta mi frå! Ein flott plass! |
 |
På stølen. Her var farmor budeie. |
 |
Godt friskt fjellvatn! |
 |
Gubben er steingal - han "måtte" fiksa alle dei vardane som hadde rast ner. |
 |
Godt å ver på tur. Stavar og vardar - gode hjelpemidler. |
 |
To gode venner - koser seg med flotte matpakkar! |
 |
Issoleie - ein nydeleg fjellblomst! |
 |
Hurra! På toppen av Tørvikanuten, 1028 m.o.h |
 |
Plutselig sprakk skylaget opp, og sola skein! Fantastisk! |
 |
Tørvikbygd - i fugleperspektiv. |
 |
Heimturen frå Hardanger gjekk gjennom Morell-land! Fantastisk. Me måtte stoppe rett som det var. |
 |
Me har hatt ein del bilturar i sommar - det resulterte i mange oppvaskklutar! 12 stk - nokre har allerede fått nye heimar. |