torsdag 26. januar 2012

Smittefare

Strikking kan lett smitte, og særleg domino-strikk. For nokre år sida vart eg smitta, og i ettertid  har eg faktisk klart å smitte nokon videre. Det er artig, syns eg. Det er jo  kjekt når andre setter pris på og syns det ser spennandes ut, det ein driver med. To kollegaer har strikka dominoteppe, mor og gamlesyster mi er i gang, og her ein kveld hadde me dominokurs i misjonsforeningen. Eg trur fleire av dei lot seg smitte. Til og med då eg låg på sjukehuset med ryggvondt, var der to sjukepleiara som blei fasinert og ville prøve seg:-)  Eg har laga ei lita oppskrift på korleis ein strikker desse artige rutene, så nå kan du bare finne garn og pinnar og settje igang. All slags garn går an. Restegarn kan vere fint, men det er lurt at det er i omtrent samme tjukkelse. Eg er veldig glad i Pt2-garn/ Finull (frå Husfliden) Det finns i ufatteleg mange flotte fargenyansar. Godt å strikke av - passe tjukt Pinne nr. 3 passar og godt.. Men fleire av Nepal-teppene mine har eg strikka i garn som Smart (frå Sandnes Garn) og liknandes typar. Då vert rutene litt større og kraftigare.


Legg opp 41 m. Eg pleier å strikke rutene i rettstrikk. Masketalet er egentleg ikkje så viktig, men det må vere eit oddetal. Det må vere 3 maskar til felling på midten, med like mange masker på kvar side. (= oddetal. Feks. 19 + 3 + 19). Me feller bare på annankvar omg.

Strikk 1 omgang.  Dette er vranga av arbeidet. På neste omg feller me for 1.gong. Strikk 19 maskar , løft 1 m rett av pinnen, str 2 m saman, løft den lause m over , dvs du har fellt to maskar. Strikk dei siste 19 maskane. Str 1 omg utan å felle - vrangsida.
På neste omg: str 18, løft 1 m rett av, str 2 sammen, løft den lause m over, str dei siste 18 m. Neste omg: str utan å felle. Fortsett slik med 1 m mindre på kvar side til du har 3 m igjen.  Ta  1 m laust av, str 2 m sammen og løft den lause m over. Riv av tråden, og begynn på ein ny lapp.



Lappen bøyer seg fint på midten.

1.lapp er ferdig.


Neste lapp skal strikkast til høyre for den første lappen.
Legg opp 21 m, plukk opp 20 m langs lapp nr.1.
Eg pleier å strikka maskane opp i "klumpane".

Så fortsett ein som på første lapp. 1.omg  strikkes rett (vrangsida).
2.omg: 19 m rett, felling, 19 m rett, osv....

Neste lapp tar form.

Lapp nr.2 er ferdig. Eg pleier ofte å strikke heile den første rekka  før eg begynner på neste. Til dei store teppene mine bruker eg 12 X 18 ruter. Rute nr 2 ser faktisk litt større ut enn nr. 1, men det jamner seg ut etterkvart som strikketøyet veks.

Når ein er klar for neste rekke, plukker ein opp 20 m,
og legg opp 21 m videre på pinnen.
Strikk 1 omg rett (vrangsida). Strikk denne lappen på samme måte.
Alle fellingane må gå same vegen, då kan ein strikke alle lappane samen
og ein slepp og sy dei saman til slutt,




Lapp 3 er ferdig. Nå er ein allereie godt i gang!
Neste lapp skal strikkast slik at ein plukker opp maskar frå både den blå og den rosa lappen.
Eg pleier å strikke opp 20 m frå kvar lapp + 1 i midten = 41 m.

Lapp 4 kan startast på.
Etterkvart ver det vanskeleg å legge strikketøyet i frå seg. Skal bare strikke ein lapp til......
Lykke til - eg håper fleire lar seg smitte. Send ein liten kommentar dersom du og vert hekta!

1 kommentar:

  1. Jeg har aldri fått til dette før, men med den supre oppskriften din for folk som meg som ikke er så avanserte så tror jeg nok det blir et dominoteppe til meg selv og en del til amandaprosjektet som er et prosjekt som går ut på å strikke til Nyfødtintensivavd i hele landet til premature og til terminfødte syke barn. Tusen hjertelig takk for at du delte oppskriften.

    SvarSlett