mandag 11. januar 2010

Nytt år - nye muligheter!

Så var eit nytt år igang - med mange nye muligheter! Kva skal me bruka alle desse dagane til, tru? Det er mykje ein kan planleggja at ein skal bruke tida til, og mykje ein har lyst til å gjere. Men så kjem dei til oss, desse dagane, ein etter ein, og får innhold. Noko er vel kansjke litt meir trivielt og kjedelig enn andre ting, mens andre opplevelsar gjer oss funklande minner og gode erfaringar! Men eit strikketøy til å koble av med, gjer ofte ny inspirasjon - og tid til å tenke på koselige ting eller koselige folk som ein kjenner! Det er gode stunder! Her er årets ferdige prosjekter! 3 huer - det er jo så bitandes kaldt ute! Den eine fekk ein ny eigar - Sirikollega fekk den! Dei to andre trivst godt på mitt hovude! Ellers litt tid til knekkebrød-baking! Dei blei knallgode - og sikkert veldig sunne! Bare fuglefrø! Ha eit god nytt år!

Gode varme huer!

Heimelaga knekkebrød!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar