mandag 9. november 2009

Flott haust-tur til Ulsteinvik!

Så var helga over, og me er komne heim frå ei flott systerhelg på Sunnmøre! Me tre systre har hatt ei kjempeflott helg ilag, fantastisk ver, god tid til prat , tøys og lått & løye, strikketøy, god mat, turar - blant anna ein knallflott fjelltur og ein kjekk båttur i den nye båten! Litt byliv - med shoping og kafèbesøk fekk me og pressa inn! Men oppturen vart litt forsinka, tre timars forsinkelse frå Sola! Kjedeleg, men alt går greit med selskap og strikketøy! Jorunn var taxi-sjåfør frå Vigra, og tok opp konkurransen med med dei "autoriserte" og nådde ferja på overtid! Ho venta i 10 min på oss! Kl. 01.00 om natta! God service! Heimatt via Gardemoen gjekk greit, ilag med mange glade, oransje Ålesund-supporterar! Heia Ålesund!! Takk for ei flott helg!! Godt med gode varme kler på tur,
samt litt tepper over beina!
Sa nokon at me minte om
" gamleheimen på tur"?
Jorunn prøvte seg som skipper!

Flott sjø-natur!
Frå fjellturen - i knallflott ver!

onsdag 4. november 2009

På systertur til Ulsteinvik!

I morgon dreg eg på tur! Eg og Rønnaug, mi kjære syster, skal til Ulsteinvik til Jorunn, min andre kjære syster! Eg gler meg! Og ser fram til ei helg med strikketøy, kaffi, turar, litt shoping og masse godt prat! Eg er jammen heldig som har to systre!! Tre sommar-systre!

søndag 25. oktober 2009

Hauststrikk!

Nå trengs det ein liten oppsummering i strikkekorga igjen! Greit å ta ein opptelling av og til! Kor mange strikketøy har eg i gang nå? I haust er det lilla-fargen som har slått over meg for fullt! Leste ein plass at lilla er en farge som gjer mykje energi! Det høyrtes jo lovandes ut!Føle at det kan trengast innimellom! Særleg slik dei siste dagane har vore, med kink i ryggen og vondt for å løfta dei tunge beina mine! Men etter ein tur hos "tryllemannen" (fysioterapeuten!) er eg mykje betre! Men då er det kjekt å bli inspirert av nydelige fargar, gode strikkepinnar og spennandes oppskrifter!! Ha ein god haust vidare!

torsdag 15. oktober 2009

Haustferien i London!

Då var me jammen tilbake igjen, etter 4 flotte dagar i London! Heile familien på tur, noko som var veldig kjekt! Me fekk med oss mange kjekke opplevelsar, bl.anna: shopping, Madam Tussaud, musikalen Lion King (noko som var heilt fantastisk!!), me var på cafebesøk i fleng, køyrte mykje undergrunn, drakk kaffi på Starbucks, prøvde indisk mat, kjøpte lilla Dr.Martens sko, gjekk tur i Hyde park, var på Naturhistorisk Museum, kjøpte eit lass med nye sokkar, åt kinamat i Chinatown, me var på marked i Portebello Road ilag med enormt mykje andre folk, og åt kjempegod pasta på Spagettihouse! Ein god avbrekk i kvadagen! Nå får me kose oss me bildene!

Matilde og Aleksander hadde komt
litt før oss og venta på oss på Gatwick!
Nå er me klare for shopping!

I storbyen!


Me treffte kjentfolk og!
(På Madam Tussaud!)

Terje med dei store karane!

Marked i Portebello Road!

Kaffipause!

Big Ben!

Haustfargar i Hyde Park!

mandag 5. oktober 2009

Haustferie!

Her i huset har deler av familien fått haustferie! Og me nyt det like godt kvar gong me er så heldige å få litt ferie! Det er ikkje det at me ikkje trivst med kvardagane våre, men av og til er det godt å stoppe opp litt, ha nokre dagar i fred og ro - til å gjere andre ting enn det ein gjer til vanleg! Og den beste tida av ein ferie er kanskje akkurat nå i starten - der me veit at det ligg ei heil veke framføre oss som me kan bruke til litt av kvart! Lange morgonar, tid til ein kopp te og morgonavis, litt strikketøy, gjere unna litt klesvask, gå tur osv. Og ha tid til å gå på biblioteket og låne ein haug med bøker! Men jammen må me pakke litt i morgon og - me reiser jo til London på onsdag, heile familien. Det gler me oss til! Nok ein gong feirer me sølvbryllupet vårt!

Litt hauststemning frå hagen!
Så hold ut, hold ut! Plutselig er me tilbake!

fredag 2. oktober 2009

Lappeteppet!

Nå er eg jammen ferdig med lappeteppet mitt! Akkurat nå ligg det i vaskemaskinen for å bli "lunt" - eller lett tova! Det er ein god følelse å festa alle trådar, rydda strikkepinnar på plass, og ha klart å gjennomføra eit strikkeprosjekt! Men jammen tok det si tid! I følge bloggen her vart det påbegynt ved nyttårstider! Men nå er det ferdig! Og nå ventar teppet på eit nytt og varmt liv på hytta!

lørdag 26. september 2009

Ferdig??

Eg er framleis i oppryddings-fasen i strikkekorga! Hausten er ei fin tid for å gjere ferdig ting som er blitt påbegynt i løpet av sommaren! Men av og til samsvarer ikkje dei forventningane ein har til det som vert det ferdige produktet! Dette var tilfelle med min nydelige "jakke-vest" i flotte fargar! Den blei liksom ikkje heilt sånn som eg hadde forestilt meg! Då er det bare å gjere kort prosess: Å rekka opp! Så nå har eg mange flotte nøster - som kan gje liv til nye prosjekt! Nokre tips??


Det såg bra ut foreløpig!


Sånn kan og eit strikkeprosjekt ende!
Men jammen fann eg ein ny pose
flott, ubrukt garn under senga!
Nytt garn = nye muligeiter!