Endelig ferdig, må eg visst sei denne gongen. Det har tatt litt tid, men så har eg strikka deler av jumperen to gonger og. 1.gong vart det for vidt, og ein arm vart litt smal. Så då må me bare starte på ny. Garnet er laga av Ingeborg på
Ullrommet. Nydeleg håndspunne ullgarn frå grå trøndersau. Fantastisk fargespel i det. Denne gong har eg blokka plagget - dyppa det i vatn og lagt det til tørk mens eg strekkte og drog det inn i perfekt passform. Så i dag, ein klar og kald sundag, har Gubben innvia genseren, på julemarked i Westernbyen. Han var godt fornøgd.
 |
Varm og blid haustgubbe |
 |
Denne passte godt å ha i nakken. Kjekt å vite kva som er framme og bak. |