Godt nytt år til dokker alle!
Å runde eit årsskifte, innbyr alltid til oppsummeringar. Å gjere ferdig strikketøy kan jo og kallast ei oppsummering. I løpet av denne juleferien hadde eg tenkt å få avslutte litt av innholdet i strikkekorga. Og aller helst begynne på noko nytt! Jammen godt eg er lærar og har lang ferie! Og jammen greide eg det.To prosjekt er ferdige, og der er blitt betre plass i korga. Første mann ute - eller fjorårets siste prosjekt - blei den lilla alpakka flettejakken. Tynt garn og tynne pinnar, tar lett litt tid då. Men når alle trådane er festa, gløymer ein gjerne det kjedelige og nyt synet av eit ferdigstrikt produkt. Gler meg til å ta i bruk jakken. Det første avslutta prosjektet i året 2014 , var "Terjegenseren". Her var både garn og pinnar tjukke. Så då går det unna i ein fart. Då eg var nesten ferdig, måtte jo Gubben prøve den på. Men eg hadde vore raus med omgangane, så det var blitt for sid. Då var det bare kort prosess - opprekking av heile raglandsfellinga. Men Gubben var hjelpsom, og snart kunne eg starte på bærestykket på ny. Nå er jumperen ferdig, og Gubben er klar for ein rotur. Bare synd at båten er stua litt langt vekk og
ikkje klar for ein vintertur!
Ps. Fann forresten eit tips på Facebook - der er ein del strikkedamer "der ute" som har samme prosjekt som meg, nemleg å "slanke" garnlageret sitt. Artig! I tilleg sparar dei 10 kr pr oppstrikka nøste. Kan lett bli ein fin pengesum ut av det. Til nytt garn, feks, eller ein tur ut i verden? Eg slenger meg på den, eg og!
God januarstrikk.
 |
Fletter i Alpakka. |
 |
Varmar til og med på augene! Ganske praktisk |
 |
Fornøgd Gubbe! Står klar med nytt ausekar. |
 |
Sjøulken. Kan vere det blir litt varmt å ro i denne! I allfall på sommarstid. |
 |
Putta ikkje oppi full pott for "Terjegenseren" Noko var jo strikka i 2013.
Er spent på kor fullt glaset blir. | | |
|