Eldstejenta har blitt strikkedesigner. Ho ha laga ein flott jakke med fletter på. Det er kjekt når ungane "går meg i næringa" - og blir like hekta som meg på strikkinga.
Eg er som regel fornøyd med å strikke det andre har komt på, mens dei
unge idag prøver oftere ut eigne idèar. Og på forespørsel frå
designaren sette eg i gang med teststrikking. Både for å kvalitetssikra
oppskrifta - og fordi minstejenta hadde lyst på flettejakke. Men dei
andre prosjekta då? Eg har ein vane/uvane - eg har så lett for å begynna
på nye ting. Men som regel blir dei andre og ferdige, det tar bare litt
lenger tid. I "gamle dagar" - på begynnelsen av 80-talet strikka eg modellar for Sandnes Garn. Då hendte det at me fekk heilt nye oppskrifter til utprøving. Eldstejenta har strikka jakken i sin yndlingsfarge, nemleg gul, mens her i huset går det i grønt! Fanagenseren var flittig strikt på i vinterferien - den manglar ca 1 arm. Blir nok snart klar den og!
Fin flettekant. |
Fana - med fasongstrikka arma. |
Blått passa fint saman med dei duse jordfargane. Ein omgang midt i stjernene hadde 4 fargar. Ikkje til å anbefale. Men fint i etterkant. |