søndag 22. august 2010

Veke 33

Då var jammen denne veka og over. Ei travel, men kjekk veke - med oppstart på skulen, blomster i hagen og kjekke aktivitetar. Me merkar hausten kryp innpå oss, kveldane vert mørkare og det er eit haustdrag i lufta. Men hausten er ei fin tid. Eg gler meg til haustfargar og stearinlys, vind og ruskever ( men bare litt ruskever)! Men først ein titt på denne veka!

Måndag 16.august
Nye blomster på gamlebordet ved døra.
Tysdag 17.august

Det bugnar av blomster
enkelte plassar i hagen!

Onsdag 18.augustEg fekk meg ny sykkel!
Gubben spanderte!
Lett og god - med 24 gir,
så nå slepp eg å gå av i bakkane!

Torsdag 19.august

Sommaren vart hard for pila mi.
Eg måtte beskjære ho med hard hånd.
Men nå spirer ho igjen!

Fredag 20.august
Eit lite besøk på garnutsalget -
(for å kjøpe garn til farmor)
- resulterer alltid i nokre
nøster som vil vere med heim til meg og!

Lørdag 21.august
De to ripsbuskane måtte plukkast.
Terje tok på seg jobben.
Så nå ligg det 20 liter rips i frysen
og ventar på å bli til gelè.
Kortid? Ein dag med god tid!

Sundag 22.august
Me drog på den årleg ved-turen til Kvinlog,
fekk med oss hengaren full av ved - pluss ein
veldig koselig laurdagskveld med elgbiff
og godt drøs med gode venner! Lurer meg til bilde nr.2:
Bærnota luftar seg i solskinnet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar