Denne 1.ferieveka har me vore ganske aktive. Av og til trur eg me er litt rastlause, me likar at noko skjer, og helst med ein gong. Så i løpet av 9 dagar har me vore på 6 turar, og gått 60,5 km. Ikkje løye eg er litt sleten i føtene i kveld. Me har i tillegg traska opp ganske mange høgdemeter, me har ikkje telt alle, men på dei to lengste turarne tilbakela me 700 + 750 høge meter! Då er det godt å ha eit par stavar til nerturen - dei gjer god avlastning for ryggen og knea. Me er ganske krye - me er jo øyeblikk besteforeldre! Dessutan har me fleire feriedagar igjen - me skal ikkje sjå vekk i frå at me tar fleire turar. Me har fleire turmål på lista vår. Me nærmar oss 40 turar! Er godt fornøgd med det etter at bare halve året er oppbrukt.
| Litt ballett-trinn på nye fjellsko! Knallgode sko. Her på Stølen i Hardanger kor me budde i 2 døgn. |
Tur nr. 34
Tur frå Stølen, til Lysestøle, Tveitastølen og Fagerfoss.
| Flotte gamle sel (stølshus) Eg var her som barn. |
| Me fann ein fager foss, Fagerfoss - langt inne i skogen. |
Tur nr. 35
Til Tørvikanuten - 1028 m.o.h
Til Tørvikanuten - 1028 m.o.h
12 km lang og ca 700 høgdemeter
| Me fann ein kvilebenk i dei bratte bakkane. |
| På toppen av Nuten - her har me vore før. Nå var varden stor og fin og ferdig. Mektig utsikt over fjord og fjell. |
Tur nr. 36
Frå Bjødnabu til Pundsnes. 9 km lang!
Frå Bjødnabu til Pundsnes. 9 km lang!
| Så har me komt til hytta. Me lokka med oss hyttenabo Geir på tur. Gjekk ein gammal drifteveg for sauer Flott tur - denne skal me ta fleire gonger |
| Ålreite dyr! |
Tur nr. 37
Rusletur i pøsregn med familiebesøk - ca 3,5 km.
Bilde kjem snart. Eit litt dårleg eit.......
Tur nr 38
Eikefjellet på Halsnøy. 6 km
Eikefjellet på Halsnøy. 6 km
| På toppen - med litt blank sol. |
Tur nr. 39.
Gunlanuten på Jøsneset - 829 m.o.h - 15 km lang
og 750 høgdemeter.
Gunlanuten på Jøsneset - 829 m.o.h - 15 km lang
og 750 høgdemeter.
| Ei ørn hadde oppvisning for oss i dag. Fantastisk å sjå - ho glei over hovudet vårt fleire gonger. Lurte ho på middagsmat, tru? |
| Ein fin gammal demning. |
| Ei lita snøfonn og litt ablegøyer. |
| På toppen av Gunlanuten! Dette likar me godt! |
| Strikkepause og middag på toppen (real turmat) |
| Gubben hadde fiskestang med. Då fekk strikketøyet og plass. |



