fredag 17. juni 2011
Minner frå 90-talet!
Ein gong på 90-talet var eg ganske flink til å sy. I allefall ivrig! Sette igang fleire store prosjekter, blant anna eit stort picknikk-teppe og sengetepper til småjentene mine. Eg hadde og planar om eit flott dobbelt sengeteppe som passa til dei gule og blå veggen på hytte-soverommet. Kjøpte tøy, skar ruter og sette i gang. Men så stansa heile syprosjektet opp. For 2 år sidan fann eg rutene fram igjen, og sydde dei saman til eit stort teppe. Men siste rest vart ikkje ferdig nå heller. Men hipp Hurra: Nå er teppet heilt ferdig! Hurra! Litt umoderne i fargevalget, kommenterte jentene, men heilt moderne då eg kjøpte stoffet! Nå kan me dra på picknikk igjen, det forrige er utslitt. Hytte-soveommet ventar på eit anna sengeteppe - domino i jordfargar! Ting tar tid, men bare ein er litt uthaldanes, kan plutselig eit prosjekt bli ferdig.
Kjempe flott Tone!!!! Er imponert. Eg blir gjerne med på picknikk men eg må vente til etter brudlaupet:) Klem Kari
SvarSlett