Akkurat nå strever eg for å ikkje begynna på nye prosjekter. Dei påbegynte skal gjerast ferdig først. 1.prosjekt var ny lue. Strikka i litt tjukt garn, Puno frå Rauma på pinne nr. 5 1/2. oppskrifta er frå Sommerfuglen i København. Luekanten er strikka i ein fletteteknikk, det er kjekt å prøve ut nye ting.
I dag fekk lua vere med på tur - den passa perfekt på hovudet mitt, nøye tilmålt som den var. Og med -10 grader ute, var den god og varm. Ein nydelig søndagstur på stranda - med vindstille, snø og sol - det er luksus på Jæren. Då er det ekstra godt å komme inn og finne fram strikketøyet i sofakroken.
Ein nydelig dag |
Godt med varme klær i kulden. |
Eg strikka først eit pannebånd. Så plukka eg opp maskar på kanten og strikka lue-delen i glattstrikk. |
Lua funka godt i snøen måtte prøve å lage snøenglar. Lenge sidan sist! |
Barndomsminne |
Ein fantastisk dag. |