tirsdag 11. oktober 2016

Haustferie

Det er tid for ferie igjen, eller arbeidsfri periode - sånn som enkelte vel å nemne ferietida vår. Det er iallefall godt å få gjere litt anna type arbeid innimellom. Me skal ut på tur, først inn til ei ny turisthytte i Espedalsheiane, og så til vår egen hytte etterpå. Me har hatt utruleg flott haustver i det siste, med magiske dagar fulle av solskinn. Nå satsar me på like fint ver denne veka, slik at me får nokre fine turar på fjellet. Det er noko me sett utruleg pris på etterkvart - å få gå litt på fjelltur! Og med i sekken må me ha litt god mat, varme kler - og eit strikketøy eller to.

Eg har som vanleg mykje på gang, og akkurat nå er det desse som får vere med på haustferie:

Oransje skjerf til Kirkens Bymisjon
"Gled ein som gruer seg til jul"
er mottoet til Kirkens Bymisjon.
Kjekt å vere med å bidra.





Nisselue til Tordis 


Ei lita barnehagejente må jo ha fin nisselue.
Eg strikkar i Merinoull frå Sandnes garn.
Nydelig og mjukt.


Gubbegenseren som nærmar seg slutten
Say no more.....


Snøkvitvottar av Wenche Roald,
Vottelauget.
Desse har eg strikka 12 par allereie.
Veldig kjekke å ha til presangar.
Veldig kjekt mønster.


Mørkeblå Ellinorjakke

Litt uklart bilde, visst.
Eg kan begynne på vrangborda nå.
Då er det bare resten (armar og kantar) igjen.



Då ønsker eg alle ei god veke,
enten på jobb, heime eller på tur!

2 kommentarer:

  1. God haustferie Tone. Dei vottane er bare så fine. Eg er ein av dei heldige som har fått eit knallfint vottepar i okergult!!

    SvarSlett
  2. Her var det mer enn en ting på gang! Vi må jo ha flere alternativer, for strikkes må det om vi er her eller der. God høstferie! Her er det nattefrost nå, og temperaturen stiger ikke så veldig om dagen heller. Har funnet fra vintertøy, og tunika er i daglig bruk. Kjekt å bruke det som er selv-laga.
    Jeg gjør meg klar til Helsetreff i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen, Uvdal helselag.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett