søndag 30. september 2012

Haust

Det er verkeleg haust for tida, regnet bøtar ned i store mengder, nesten uten stans. Nå gjeld verkeleg regelen om "ikkje gale ver, bare galne kler". Kvardagane er ganske travle med nye,  nydelege 1.klassingar, og sofaen er ein god venn om ettermiddagane. Men litt strikking står alltid på programmet. Denne helga er over, og den har hatt godt innhald. Eg var på hyttetur til Moi  frå fredag til lørdag i lag med Siri, med  mykje strikking og kjempegod prat.  I tillegg  har eg fått tid til ein regntur i Kleppeloen,  det var jammen ikkje mange andre som var ute i ruskeveret. Innimellom vart det god avslapping heime. Ny veke ventar, nye dagar som skal fyllast med gode kvardagsopplevingar. Livet er godt:-)

Møte mellom gammalt og nytt.
Litt av garnlageret har fått fylgje med  tynt, tynt alpakka
.
Nytt  Camomille-skjal med blonder er sett i produksjon.

Armane veks - ikkje mykje igjen nå!
Fullt så fint som dette vart det dessverre ikkje på Moi denne helga,
dette er minner frå i sommar.
Men ein nydeleg utsikt uansett årstid,
med utruleg skiftandes lys over himmelen.

Ikkje mykje haustfargar å finne på Jæren for tida,
men litt rødgult kan me skimte innimellom.

lørdag 15. september 2012

På pinnane i september!

Våte, regnfulle dagar ute -  god kos med strikketøyet inne. Hausten er ei fin tid! Akkurat nå har eg som vanleg fleire prosjekter i gang, og eg strever for å ikkje begynna på fleire. Nye nøster, gode pinnar, flotte fargar ......eg kjenner det kriblar. Men det er kjekt å bli ferdige med ting og, og har eg for mange påbegynte strikk, tar det så lang tid. Eg blir litt rastlaus då, strikkar nokre masker her og så skiftar over til nytt strikk og tar nokre rundar der og. Og så er det akkurat som om det ikkje blir noko av noko. Nå går eg av og til inn på Kammerset og koser meg og planlegg nye ting eg kan bruke alt det fine garnet som ligg "på vent" til. Planlegginga er halve kosen:-)  Eg gler meg til å ta noko av det fram og setta i gang. Men først må desse tinga bli litt meir ferdige:-)


Garn til frukost
- sakte men sikkert veks jakken som er eldstejenta sitt design.
Den bur i strikkekorga på kjøkkenet.

Fine fletter - og glitter i garnet.

1-års prosjekt:
Minstejenta  seier ho vil flytte på hybel neste år.
Då må ho jo ha med seg eit godt varmt teppe.
Dette skal bestå av 5 lange remser i ulik tekstur.

Denne koser eg meg med i aleine-stunder.
Må følge nye med på mønsteret, er ikkje lett å vere så sosial då.

Ein påbegynt Jondals-sokk.
Kjøpt i Hardanger i sommar.
Eg likar veldig godt å handle garn som souvenir når me er på tur.
 
I sommar hadde me ein fantastisk flott fjelltur
til Tørvikanuten i Hardanger.
Eg vart veldig fasinert av det "grå" fjellet som slettes ikkje var  bare grått.

Eit utruleg fargespel.
I går kveld bare måtte eg begynne på eit nytt teppe
- inspirert avfjellturen.
Det skal heite "Nuten"

tirsdag 11. september 2012

Ut på tur!

I helga var me på tur. Eg fekk vere med gubben og jobben hans på "Årets Tur." Denne gongen var det Bremen som fekk besøk! Koseleg by, kjekke folk, fantastisk flott ver (28 grader på sundagen!), kjekke utflukter, god mat, flotte butikkar, nye sko, 4 nøster mjukt garn, 2 nye klutar strikka i flotte  Tone-og-Siri-fargar, ny korg, smale gater og smau, besøk på Mercedes-fabrikken, koselige cafebesøk, fargerikt marked, nytt bittelite strikkenett,  men ikkje så mange  bilder.


Dette hadde vore noko å ønskt seg til 50 års-presang......

Me fann eit flott marked - utruleg mykje sunnt som frista!

Ferske fiken. Nokre fekk vere med heim.
Gubben har eit prosjekt på gang.

Dei berømte musikantane frå Bremen!

Ekstra kjekt med godt reiselag!
Me åt nydelege pannekaker på skuta i bakgrunnen!

På cafe - her bestilte eg stikkelsbærkake og kaffi - i eit svakt øyeblikk!
Eg har aldri sett så stort kakestykke -
og eg som eigentlig ikkje er nokon kakemons.
Mesteparten måtte stå igjen!
Neste gong:
Det er nok med tre skjeier frå gubben si kake!

Dårlig bilde - men godt og mjukt garn!

Nydelege fargar - skapar godt humør!

Eit lite strikkenett - akkurat passe til vaskeklutstrikket!

Eg har ein forkjærlighet for korger...
Gode til å ha strikketøy oppi

søndag 2. september 2012

Sykkelen er ferdig! (nesten...)

Eg er litt lei... eg ska innrømma det. Men nå er sykkelen ferdig - for i år. Den manglar  litt, f.eks ringeklokke og dynamo. Men ellers er dei fleste sykkeldelene trekkte med strikk.  Sykkelen har stått ute i heile sommar, blitt blaut og tørka om ein annan. Men den største utfordringen er nok sola. Garnet falmar, og sykkelen har fått eit litt meir gammalt preg over seg. Jaja, sånn kan det gå. 
 Unyttige  strikketøy lever sitt eige liv!
Snart skal den i vinterlagring, må spara den litt til neste år og!

Kjedekassen! Her tok eg ibruk konaktlim!

Blei ganske flott!

Klar for ut på tur!

Baklykta - lyser godt opp!

Fargefryd.

Her manglar bare ein grønn krank
- den står på pinnane ennå. Ferdig i morgon:-)

Gode varme trøer, godt til vinterbruk!