Alle gode ting er tre, sa me alltid då me var små, og det er jo ein god leveregel. Skal me ha noko godt, er det på sin plass å ha tre stykker av det! Det gjeld i allefall yndlingssjal! Mitt første Camomille-sjal strikka eg etter garnturen i Danmark i fjor. Det har vore sjeldant godt. Utruleg godt og mjukt og varmt og deilig og... Så godt at Camomille nr 2 måtte strikkast, og det er akkurat ferdig.
Og Camomille nr.3 er under produksjon. Og Hurra - eg har fått brukt
litt av garnlageret mitt! (Men måtte kjøpe litt nytt og!) Sjal kan ein liksom ikkje få for mange av. Det er alltid brukt for eit til, eller plass til eit ekstra i sjalsskuffa. Må jo ha litt å velje i, slik at det passar til kåper, jakkar osv. Så nå kan vinteren bare komma - eg er budd!
|
Camomille nr.1 - garn kjøpt i Danmark |
|
Camomille nr. 2 - ferdig i dag:-) |
|
Klar for kalde dagar! Kanskje eg nøyer meg med eit om gongen. |
|
Camomille nr. 3 - eit stykke igjen til det kan tas i bruk! |
Gubben måtte vere fotograf.
Jammen greide eg C'en i alfabetrekka, neste gong vert det D (Kanskje det må bli om mitt yndlingstema DOMINO?)
Du er ei kule strikkedame:) Flotte skjerf også:)
SvarSlettGod helg frå RUT
Ja, lag et innlegg om alle dominoteppene du har strikket! Det gleder jeg meg til!
SvarSlett